HardangerVossfondet

Ei satsing frå Investeringsstiftinga Hardanger og Voss

HardangerVossfondet med lansering haust 2024

Såkornfond som skal investere i verksemder med utvikling, vekst og verdiskapingspotensial

 
Investere i oppstartsverksemder
Investere i omstillingsverksemder
Investere i ringvirkningsverksemder

"Dette er ei gåvepakke til næringslivet i regionen. Me ynskjer å gjera regionen attraktiv å både bu og arbeide i, og me ynskjer å bidra til å skape nye kompetansearbeidsplassar og auke gründerkulturen"

Per Berge · Styreleiar, Sparebankstiftinga Hardanger

Om Investeringsstiftinga Hardanger og Voss

Investeringsstiftinga Hardanger Voss er ei ny stifting som skal bidra til utvikling av næringslivet i herada Ulvik, Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Voss. Stiftinga sitt føremål er å bidra til nyskaping og vekst i Hardanger og Voss, gjennom såkornfondet HardangerVossfondet , og andre investeringsinitiativ i regionen. Stiftinga skal bidra med kapital, kompetanse og nettverk.


Initiativtakar til stiftinga er Sparebankstiftinga Hardanger som saman med medskiparane Ullensvang kommune, Kvam herad, Eidfjord kommune, Ulvik herad, Voss herad og Voss Sparebank til saman gir 100 millionar kroner i gåve til stiftinga.

Ei satsing for Hardanger og Voss

Roald Aga Haug

Ordførar Ullensvang kommune

«Me er oppteken av å skapa meir i Hardanger, og me har store forventningar til at denne stiftinga skal bidra med både kapital og kompetanse til nye satsingar som kan gje vekst i regionen»

Jørund Rong

Banksjef Voss Sparebank

“For heile regionen vår vil tilgang på kapital til næringsetablering vera avgjerande for nyskaping, vekst og framgang. Investeringsstiftinga vil soleis koma felleskapet til gode på mange vis, både på Voss og i Hardanger».

 

Skiparar av investeringsstiftinga

 


Kontakt HardangerVossfondet

Har du en god idé eller ynskjer ein prat om HardangerVossfondet eller mogelege investeringscase, ta kontakt via kontaktskjema

Kontaktskjema